Desse såg eg på internett ein gong for lenge sidan, og i går hadde eg litt ledig tid ilag med symaskina mi (etter at eg hadde sydd gardiner. Det er så kjedeleg at det ikkje havnar på bloggen ein gong). Mønster og rettleiing ligg på nett, og eg tenkte at eg ville sy dei i skinn, for ekstra kvalitet og varme. (Og symaskina syr gjennom det eg tvingar den til, hehe.)
Sålen er to lag skinn, resten er skinn inni og eit knallgrønt stoff med muldvarpar utanpå. Stoffet er mykje grønnare enn biletet ville vise... Dei er ein test, for å seie det sånn. Eg lurer på om eg stramma strikken litt vel mykje, og det var litt knotete å sy gjennom så mykje skinn (trikset er å legge matpapir nederst, så glir alt mykje lettare over symaskina). Men tøflane vart fine, dei. Så får vi sjå om eg etter kvart synest dei er fine nok som ei gåve, eller om dei også skal få liggje her på vent nokre månader. Storleiken på mønsteret er 0-6 mnd, men eg tenkjer at det nok skal gå fint å lage dei litt større også, det må jo vere enno betre å ha skinntøflar etter at ein har begynt å bruke føtene sine..?