torsdag 5. november 2009

ro i stova


Eg hadde sett denne hengekøya på nettet, og syntest såklart den var veldig søt. Då eg var på ferie i m.a. Riga i sommar kom eg over ein hengekøyebutikk - og jammen var ikkje denne på salg! Eg har eit svært godt auge for ting ein berre kjøpe, og denne var ein slik ting. Utan stativ, riktignok. Stativet kosta nemleg meir enn hengekøya, og var mykje vanskelegare å ta med seg både på bussen til Tallinn og på fly heim. Dessutan har eg klokketru på diverse mannlege familiemedlemmar, og eit slikt måtte vel nokon klare å snekre saman (viss ikkje skulle eg alltids klart det sjølv!).


Og det skulle vise seg å bli eit realt samarbeidsprosjekt. Andreas kjøpte materialar, sagde til og bora hol. Pappa skrudde saman (ikkje fordi Andreas ikkje klarte det, men han hadde anna å gjere akkurat då).


Resultatet vart veldig bra, og Synne søv (iallefall til tider) godt i denne hengekøya. Ho treng berre litt fart av og til. Med denne CDen (som ho fekk av tanta si) i tillegg, blir det ro i stova. Iallefall så mor får ete frukost (eh, lunsj?), og kanskje enno lenger?

3 kommentarar:

Vibeke sa...

Fantastisk fin! Har planer om å få laget en hengekrybbe selv. Lurte på å henge den i taket, men det var jo veldig lurt med et sånt stativ. Bra jobba!

kreakris sa...

Så heldig ho er som får sove i ein sånn! Det såg skikkelig deilig ut. Bra teamwork:)
God søndag! Det er vel gjerne fotball det går i der også?

Hanne sa...

Så søt hengekøye, og kjempe søt baby :)